Velkommen til ein mjuk velgjærande yogatime i Ålesund Kunsthall sine flotte lokaler.
I denne yogatimen tek vi oss god tid til å lande på matta, kome i kontakt med pusten og eksperimentere med rolige røyrsler. Ann Iren fra Room4 vil guide dykk gjennom øvingar som er velgjærande for både hofter, rygg, nakke og sinn. Fokuset for timen er å gi rom for pusten og skape mobilitet i delar av kroppen som lett vert spente. Vi skal også leike oss litt med balanseøvingar, alle ut fra sine forutsetningar. Timen er fri for prestasjonskrav og gir deg anledning til å ignorere det som er utanfor deg og skape ditt eige lille rom for nærvær. Vi håpar timen vil medføre ro, latter og mindre spenningar i kroppen. Timen vert avslutta med ei 15 minutt guida avspenning innepakka i gode pledd. Du treng ikkje ha prøvd yoga før for å delta, men still i behagelig tøy. Vi stiller med matter, men ta med eit pledd.
Timen er skånsom, men om du har spesielle utfordingar eller vondtar utover stiv rygg og nakke, kan du melde det inn til oss.
Pris: 100 kr // 50 kr for medlemmer i Ålesund Kunstforening.
OM ANN IREN
Ann Iren er medeigar og yogalærar ved Room4 i Ålesund, eit rom for nærvær i pust og røyrsle lokalisert i Ålesund sentrum. Ann Iren er opptatt av å dele yoga som eit verktøy for å kome tilbake til seg sjølv, gi seg sjølv næring, og bli bevisst på kva valg ein tek i livet. Vi har lett for å vende all merksemda utover og nedprioritere det som gir oss sjølv næring. Vi jobbar hardt for å innfri forventningar, er slitne, men ”held ut og ventar på ferien”, eller går på ein smell. Yoga er eit verktøy for å vende merksemda innover slik vi kan kalibrere våre indre kompass, og bli påminna kva som er viktig for oss. Vi beveger kroppen, ikkje for å lage ein fin posisjon for instagrambilder, men for å kome i kontakt med den og kjenne korleis den har det. For å styrke den, mobilisere stive ledd og få energien til å flyte betre. Kanskje kan ikkje alle lage ei kringle med kroppane sine, men disse fysiske posisjonane er berre ein veldig liten del av det som vert kalla yoga, og det er den delen som er lettast å marknadføre i bilder. Alle har godt av å lære å bruke pusten for å roe sinnet, kvile når ein er sliten, styrke musklatur som held oss oppreist og avspenne ein stiv nakke. Når vi over tid praktiserer det å lytte innover, vil vi lettare forstå kroppens språk og bli bevisst eigne tankar. Og da er det lettare å legge ein meir bærekraftig kurs i livet.
Yogatimen på Khaak skal vere ein smakebit på yoga. Ein smakebit som ikkje skal svi på tunga, så du treng ikkje vere nærvøs for å smake. Velkommen!